1Lat oss difor taka oss i vare for at nokon av dykk skal synast å verta standande etter, då ein lovnad um å koma inn til hans kvila endå stend att. 2For fagnadbodet er og forkynt oss liksom hine; men deim gagna ikkje det ordet som dei høyrde, av di det ikkje ved trui var sameina med deim som høyrde det. 3For me som er komne til trui, me gjeng inn til kvila etter det som han hev sagt: «So eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila,»» endå gjerningarne var fullførde alt sidan verdi var grunnlagd. 4For han hev ein stad sagt so um den sjuande dagen: «Og Gud kvilde den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.» 5Og atter på denne staden: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.» 6Då det soleis stend att, at nokre skal koma inn til henne, og dei som fyrst fekk fagnadbodet, ikkje kom inn for vantru skuld, 7so set han atter ein dag: «i dag,» med di han segjer ved David etter so lang tid, som sagt er: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto!» 8For dersom Josva hadde ført deim til kvila, so hadde han ikkje tala um ein annan dag deretter. 9So stend det då att ei kviledagshelg for Guds folk. 10For den som er komen inn til hans kvila, han hev og fenge kvila frå sine gjerningar liksom Gud frå sine. 11Lat oss difor leggja vinn på å koma inn til den kvila, so ikkje nokon skal falla etter det same fyredøme på vantru. 12For Guds ord er livande og kraftigt og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom til dess det kløyver sjæl og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder, 13og ingen skapning er løynd for hans åsyn, men alt er nake og bert for hans augo som me hev å gjera med. 14Sidan me då hev ein stor øvsteprest, som hev gjenge gjenom himlarne, Jesus, Guds Son, so lat oss halda fast på vedkjenningi! 15For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd. 16Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!