1Fjortan år etter drog eg upp til Jerusalem att med Barnabas og tok Titus og med. 2Men eg gjekk upp ei openberring. Og eg lagde fram for deim, serleg for deim som galdt mest, det evangeliet som eg forkynner for heidningarne, um eg vel laupte eller hadde laupe til fåfengs. 3Men ikkje Titus jamvel, som var med meg, vart nøydd til å lata seg umskjera, enda han var grækar - 4og det for dei falske brørne skuld, som hadde snikt seg inn og var komne dit til å lura på den fridomen som me hev i Kristus Jesus, so dei kunde få oss under trældom. 5Men for dei veik me ikkje ein augneblink i nokor etterlæta, for at sanningi i evangeliet skulde standa fast hjå dykk. 6Men dei som galdt for å vera noko - kor store dei var, kjem ikkje meg ved; Gud gjer ikkje skil på folk - dei som galdt mest, lagde ikkje på meg noko meir, 7men tvert imot, då dei såg at evangeliet for dei u-umskorne var yverlate til meg, liksom for dei umskorne til Peter 8- for han som gav Peter kraft til aposteltenesta millom dei umskorne, han gav og meg kraft til det millom heidningarne - 9og då dei lærde å kjenna den nåde som var meg gjeven, so gav Jakob og Kefas og Johannes, som galdt for å vera hovudstolpar, meg og Barnabas si høgre hand til samfund, at me skulde ganga til heidningarne, men dei til dei umskorne, 10berre at me skulde hugsa på dei fatige, og det hev eg lagt vinn på å gjera. 11Men då Kefas kom til Antiokia, sagde eg honom imot beint upp i opne augo, av di det var klaga på honom. 12For fyrr det kom nokre frå Jakob, åt han i lag med heidningarne; men då dei kom, heldt han seg undan og skilde seg ifrå, av di han var rædd for dei umskorne. 13Og med honom hykla dei andre jødarne og, so jamvel Barnabas vart dregen med inn i hyklingi deira. 14Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanningi i evangeliet, då sagde eg til Kefas so alle høyrde på: «Når du som er jøde, liver som heidning og ikkje som jøde, kvi nøydar du so heidningarne til å liva som jødar?» 15Me er fødde jødar og ikkje syndarar, fødde heidningar. 16Men då me skyna at eit menneskje ikkje vert rettferdiggjort ved lovgjerningar, men ved tru på Kristus Jesus, so trudde me og på Kristus Jesus, so me kunde verta rettferdiggjorde av tru på Kristus og ikkje av lovgjerningar; for ved lovgjerningar vert inkje kjøt rettferdiggjort. 17Men dersom me, då me freista å verta rettferdiggjorde i Kristus, ogso sjølve vart funne som syndarar - skulde so Kristus vera ein tenar for synd? Nei, langt ifrå! 18For dersom eg byggjer upp att det same som eg reiv ned, so syner eg meg sjølv som ein lovbrjotar. 19For eg er ved lovi daud for lovi, so eg kann liva for Gud. 20Eg er krossfest med Kristus, eg liver ikkje sjølv meir, men Kristus liver i meg, og det livet eg no liver i kjøtet, det liver eg i trui på Guds son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21Eg mismæter ikkje Guds nåde; for dersom rettferd er å vinna ved lovi, so døydde Kristus utan grunn.