1Då ei tid var lidi, hende det, medan kong Artahsasta styrde i Persia, at Ezra for heim frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Azarja, son åt Hilkia, 2son åt Sallum, son åt Sadok, son åt Ahitub, 3son åt Amarja, son åt Azarja, son åt Merajot, 4son åt Zerahja, son åt Uzzi, son åt Bukki, 5son åt Abisua, son åt Pinehas, son åt Eleazar, son åt øvstepresten Aron. 6Ezra var ein skriftlærd mann, vel kjend i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav honom alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt handi si yver honom. 7Nokre av Israels-sønerne og av prestarne og levitarne og songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne var med honom heim til Jerusalem; det var i det sjuande styringsåret åt kong Artahsasta. 8Han kom til Jerusalem i femte månaden det same sjuande året åt kongen. 9Den fyrste dagen i fyrste månaden vart det fast avgjort at dei skulde fara frå Babel, og den fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver honom. 10For Ezras hadde vendt hugen sin til å granska Herrens lov og fylgja henne, og til å læra andre i Israel upp i lov og rett. 11Dette er avskrift av eit brev som kong Artahsasta gav den skriftlærde presten Ezra, som var kunnig i Herrens bodord og lover for Israel: 12«Artahsasta, konge yver kongarne, til presten Ezra, den lærde i lovi åt Gud i himmelen. Utferda og so burtetter. 13Med dette segjer eg fyre at kvar ein av Israels-folket i mitt rike og av prestarne og levitarne deira som hev hug til å fara til Jerusalem, må fara med deg, 14sidan kongen og dei sju rådsmennerne hans hev sendt deg i veg til å sjå etter kor det er med Juda og Jerusalem etter lovi åt din Gud, den som du hev i di hand, 15og til å føra fram det sylvet og gullet som kongen og rådsmennerne hans godviljugt hev gjeve til Israels Gud, han som hev bustaden sin i Jerusalem, 16sameleis alt sylv og gull som du fær i heile Babels jarlerike, og dei gåvor som folket og prestarne godviljugt til huset åt sin Gud i Jerusalem. 17Dette skal du gjera deg vel fyre med og kjøpa for desse pengarne uksar og verar og lamb og alt sovore som trengst til grjonoffer og drykkoffer, og det skal du ofra på altaret som høyrer til huset åt dykkar Gud i Jerusalem. 18Det du og brørne dine finn det rettast å gjera med det som vert att av sylvet og gullet, det må de gjera soleis som dykkar Gud vil. 19Men dei reidskaper som du fær til tenesta i huset åt din Gud, deim skal du gjeva frå deg åt Gud i Jerusalem. 20Det som meir trengst til huset åt din Gud, det kann du greida ut or skattkammeret åt kongen. 21Og eg, kong Artahsasta, segjer med dette fyre alle skattmeistrarne i landi på hi sida elvi, at alt det som presten Ezras, vismannen i lovi åt Gud i himmelen, bed dykk um, det skal de gjera og gjeva på fyrste ordet, 22um det trengst upp til tvo og eit halvt hundrad våger med sylv, tri hundrad tunnor kveite, hundrad ankar vin og hundrad ankar med olje, dertil salt umælt. 23Alt det som tarvst etter det Gud i himmelen segjer fyre, det skal verta gjort på fyrste ordet og gjeve til huset åt Gud i himmelen, so ikkje hans vreide skal koma yver riket åt kongen og sønerne hans. 24Og det let me dykk vita, at ingen skal hava magt til å leggja skattar eller toll eller vegpengar på nokon prest eller levit, songar eller dørvaktar, tempelsvein eller annan som hev tenesta i dette gudshuset. 25Og du, Ezras, må, etter den visdom du hev fenge frå din Gud, setja domarar og lovlærde folk til å døma manna millom hjå alt folket på hi sida elvi, alle dei som kjenner loverne åt din Gud; og den som ikkje det gjer, honom skal du læra å kjenna deim. 26Og kvar den som ikkje gjer etter lovi åt din Gud og etter lovi åt kongen, yver honom skal det fellast ein rett dom, anten til daude eller utlægd, til pengebot eller til fangehus.» 27Pris vere Herren, Gud åt federne våre, at han gav kongen slikt i hugen, til å pryda Herrens hus i Jerusalem, 28og at han let meg finna nåde hjå kongen og rådsmennerne hans og hjå alle dei megtige hovdingarne åt kongen! Eg fekk mod då eg såg at Herren, min Gud, heldt handi si yver meg, og eg samla kringum meg nokre ættarhovdingar av Israel; dei skulde vera med meg på heimferd.