1Altaret skal du gjera av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt: firkanta skal altaret vera, og tri alner høgt. 2På kvart av dei fire hyrno skal du gjera eit horn, og horni skal vera i eitt med altaret. Heile altaret skal du klæda med kopar. 3Sidan skal du gjera dei oskefati som høyrer til, og eldskuflerne og blodbollarne og steikjespiti og glodpannorne; alle desse gognerne skal du gjera av kopar. 4So skal du laga ei kopargrind til altaret, på gjerd som eit net. På den grindi skal du gjera fire koparringar, ein i kvart hyrna, 5og so skal du setja henne under altarskori, nedantil, so ho rekk midt uppå altaret. 6So skal du gjera stenger til altaret. Dei skal vera av akazietre, og du skal klæda deim med kopar; 7dei skal smøygjast inn i ringarne, so dei er på båe sidor av altaret, når det vert bore. 8Altaret skal du gjera av bord; det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, so skal det gjerast. 9So skal du gjera eit tun kring huset, og det skal vera innegjerdt. På solsida, mot sud, skal du setja ein gard av kvitt linlereft; han skal vera hundrad alner lang på den sida. 10Stolparne i garden og stabbarne dei stend på, skal vera av kopar og tjuge i talet; men hakarne og teinarne som høyrer til, skal vera av sylv. 11Sameleis på den nørdre langsida ein lereftsgard som er hundrad alner langt, med tjuge stolpar og stabbar av kopar og hakar og teinar av sylv. 12På den eine tversida av tunet, mot vest, skal du setja ein lereftsgard på femti alner; i den skal det vera ti stolpar, og under deim ti stabbar. 13På den andre tversida, den som snur frametter, mot aust, skal tunet og halda femti alner på breiddi: 14Femtan alner lereftsgard skal det vera på den eine ledi, med tri stolpar og stabbarne som høyrer til, 15og på den andre leidi og femtan alner lereftsgard og tri stolpar med kvar sin stabbe; 16og i tunporten skal det vera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn, tjuge alner breidt og utsauma med rosor; stolparne som det skal festast til og stabbarne dei stend på, skal vera fire i talet. 17Alle stolparne i garden skal vera bundne i hop med sylvteinar; hakarne på deim skal vera av sylv, og stabbarne under deim av kopar. 18Lengdi på tunet skal vera hundrad alner, og breiddi på båe sidor femti alner. Garden skal vera av kvitt linlereft, og fem alner høgt. Stabbarne til honom skal vera av kopar. 19Alle arbeidsgognerne i huset, og alle pålarne både til huset og garden skal vera av kopar. 20Seg no du til Israels-folket at dei skal gjeva deg skir olje av sundstøytte oljeber til ljosestaken, so lamporne kann setjast upp til kvar tid. 21I møtetjeldet, utanfor tæpet som heng attfor lovtavlorne, skal Aron og sønerne hans stella lamporne, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-folket, ætt etter ætt, i all æva.