1Soleis let Herren, Herren meg sjå: Der stod ei korg med mogi frukt. 2Og han sagde: «Kva er det du ser, Amos?» Eg svara: «Ei korg med mogi frukt.» Og Herren sagde: «Haust-moge er mitt folk Israel. Eg vil ’kje bera yver med det meir. 3Og slotts-songarn’ yling vert på dagen den,» segjer Herren, Herren. Lik er i mengd kvar ein stad stilt slengde av. 4Høyr dette, de som snikjer etter fatigmann, de som tynar småfolk i landet, 5De som segjer: «Når er nymåne-helgi slutt, so me kann få kornet vårt selja, og sabbaten, so me inn i kornburet slepp og kann minka vårt mål og auka vår pris og driva fusk med vegti, 6Og armingen kjøpa for gull og stakaren for eit par skor, og so lata deim lettkornet få?» 7Ved Jakobs byrgskap Herren svor: Aldri skal alt dykkar verk verta gløymt. 8Skulde ’kje for slikt då skjelva jordi og heile mannheimen syrgja, og reint gå i flaum som Nilen, stiga og falla som Egyptarelvi? 9Og det hender på dagen den, segjer Herren, Herren, ved høgstdags bil let eg sol gå ned, og jordi skal myrkna på ljosan dag. 10Dykkar helgar eg vendar til sorg, alle visor til syrgjesongar. Og sekk eg sveipar um kvar ei lend, gjer fleinskallut kvar ein haus, veld sorg som for einaste barn, gjer enden til ein uheils dag. 11Sjå, dagar det koma skal, segjer Herren, Herren, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød, ikkje torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord. 12Og dei fer ifrå hav til hav, og dei sviv ifrå nord til aust, og dei leitar etter Herrens ord, men dei finn det ikkje. 13På den dagen skal fagre møyar og unge menn av torsten tynast, 14Dei som sver ved Samarias synd, og som segjer: «So sant din Gud liver, Dan, og so sant Be’ersebas vis liver.» Dei sig ned og ris aldri upp meir.