1Soleis let Herren, Herren meg sjå: Det var ein som skapa grashoppar då håi for til og spratt, det var håi etter kongens slått. 2Og då dei var ferdige reint med å eta upp grøda i landet, då sagde eg: «Herre, Herre, tilgjev! Kor gjeng det no med Jakob som liten er?» 3Då angra Herren det. «Det skal ikkje henda,» sagde Herren. 4Soleis let Herren, Herren, meg sjå: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Herren, og han åt det store djupet han nærpå åt åkerlandet med. 5Då sagde eg: «Herre, Herre, haldt upp! Kor gjeng det med Jakob som liten er?» 6Då angra Herren det. «Ikkje dette heller skal henda», sagde Herren, Herren. 7Soleis let han meg sjå: Eg såg Herren standa på ein loddmur med blylodd i handi. 8Og Herren sagde til meg: «Kva er det, Amos, du ser?» Og eg svara: «Eit blylodd.» Og Herren sagde: «Ja, eg skal loddet bruka millom mitt folk Israel. Ikkje vil eg meir spara det no. 9Isaks haugar skal tynast, og Israels heilagdomar herjast, mot Jeroboams hus eg ris upp med sverd.» 10Men Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: «Amos emnar på uppreist imot deg midt i Israels hus. Landet kann ikkje greida all røda hans. 11For soleis talar Amos: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel førast burt frå sitt land.»» 12Og Amasja sagde til Amos: «Du sjåar, burt med deg! Far din veg til Judalandet! Der kann du tena ditt brød, og der kann du vera profet! 13I Betel skal du ikkje driva lenger som profet, for det er kongeleg heilagdom og rikstempel her.» 14Då svara Amos Amasja so: «Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein, ein hyrding er eg, og steller med morbærtre. 15Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sagde til meg: «Gakk og ver profet for mitt folk Israel!» 16Og no skal du høyra ordet frå Herren. So segjer du: «Ver ikkje profet for Israel. Og ikkje du preike mot Isaks hus!» 17Difor so talar Herren: Di kona vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, med mælesnor vert gjordet ditt bytt, du sjølv i eit ureint land skal døy, og Israel førast burt frå sitt land.»