1So hende det seg i Ikonium, at dei gjekk saman inn i synagoga til jødarne, og tala soleis at ein stor mengd både med jødar og grækarar trudde. 2Men dei jødar som ikkje trudde, øste upp og sette vondt i hugen åt heidningarne imot brørne. 3Dei drygde då der ei lang tid og tala frimodigt i Herren, som vitna for sitt nådeord, med di han let teikn og under verta gjorde ved deira hender. 4Og mengdi i byen sundra seg: nokre heldt med jødarne, andre med apostlarne. 5Men då det vart stor ågang både av heidningarne og jødarne med deira styresmenner, med di dei vilde gjera vondt med deim og steina deim, 6og då dei merka det, flydde dei til byarne i Lykaonia: Lystra og Derbe, og landet der ikring; 7og der forkynte dei evangeliet. 8Og i Lystra sat det ein mann som var magtlaus i føterne og hadde vore vanfør frå mors liv og aldri hadde gjenge. 9Han høyrde Paulus tala, og då han stirde på honom og såg at han hadde tru på å verta lækt, sagde han med høg røyst: 10«Statt rett upp på føterne dine!» Og han sprang upp og gjekk ikring. 11Men då folket såg det som Paulus hadde gjort, lyfte dei røysti og sagde på lykaonisk: «Gudarne hev teke menneskjeskapnad på og er komne ned til oss.» 12Og dei kalla Barnabas Zeus og Paulus Hermes, av di han var den som førde ordet. 13Og presten for det Zeus-templet som var utanfor byen deira, kom til porten med uksar og kransar og vilde ofra saman med folket. 14Men då apostlarne Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei klædi sine sund og sprang inn i flokken, 15og ropa og sagde: «Menner, kva er det de gjer? Me er og menneskje under same kår som de, og me forkynner dykk evangeliet, at de skal venda dykk burt frå desse fåfengde gudar til den livande Gud, som gjorde himmelen og jordi og havet og alt som i deim er, 16han som i dei framfarne tiderne let alle heidningfolk ganga sine eigne vegar, 17endå han ikkje let seg utan vitnemål, men di han gjorde godt og gav dykk regn og grøderike tider frå himmelen, og metta hjarto dykkar med føda og fagnad.» 18Og ved å segja dette var det med naudi dei heldt folket frå å ofra til deim. 19Men det kom jødar dit frå Antiokia og Ikonium og eggja upp mengdi, og dei steina Paulus og drog honom ut or byen i den tru at han var slokna. 20Men medan læresveinarne stod um honom, reiste han seg upp og gjekk inn til byen. Og dagen etter gjekk han med Barnabas ut til Derbe. 21Og då dei hadde forkynt evangeliet der i byen og gjort mange til læresveinar, vende dei um att til Lystra og Ikonium og Antiokia, 22og dei styrkte sjælerne hjå læresveinarne og talde deim til å halda fast ved trui og sagde: «Me lyt ganga inn i Guds rike gjenom mange trengslor.» 23Og då dei hadde valt eldste åt deim for kvar kyrkjelyd, heldt dei bøn og fasta, og yvergav deim til den Herre som dei trudde på. 24Og dei drog gjenom Pisidia og kom til Pamfylia; 25og då dei hadde tala ordet i Perge, for dei ned til Attalia. 26Derifrå siglde dei til Antiokia, der som dei hadde vorte yvergjevne til Guds nåde til den gjerning som dei hadde fullført. 27Då dei kom dit, samla dei kyrkjelyden og fortalde kor store ting Gud hadde gjort ved deim, og at han hadde opna døri til tru for heidningarne. 28Og dei drygde der ikkje so kort tid saman med læresveinarne.