1So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus! 2Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre! 3Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann! 4Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren. 5Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg. 6Den bonde som arbeider, skal fyrst njota frukterne. 7Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt. 8Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium, 9det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde. 10Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom. 11Det er eit sant ord; for er me daude med honom, skal me og leva med honom; 12held me ut, skal me og styra med honom; forneittar me, skal han og forneitta oss; 13er me trulause, so er han trufast; seg sjølv kann han ikkje forneitta. 14Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på! 15Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg! 16Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa, 17og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus, 18som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume. 19Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.» 20Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra. 21Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning. 22Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta! 23Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid! 24Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt, 25so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi, 26og vakna or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av til å gjera hans vilje.