1Då Atalja, mor åt Ahazja, fekk vita at son hennar var dåen, tok ho seg fyre å tyna heile kongsætti. 2Men nett med same kongssønerne skulde lata livet, tok Joseba, dotter åt kong Joram, syster åt Ahazja, fekk taka i Joas Ahazjason og berga honom undan saman med fostermor hans, inn i sengkammerset, og soleis løynde dei honom for Atalja, so han ikkje vart drepen. 3So var han hjå henne i Herrens hus, burtgøymd, i seks år, medan Atalja styrde landet. 4I det sjuande året sende Jojada bod og henta hovudsmennerne for livvakti og førde deim inn til seg i Herrens hus. Og han hadde gjort ein avtale med deim og teke deim i eid der i Herrens hus, synte han deim kongssonen. 5So baud han deim: «Høyr no korleis de skal fara åt: Den eine tridjepart av dykk som tek vakthaldet på kviledagen, skal halda vakt i kongsgarden, 6den andre tridjeparten i Sur-porten, tridje tridjeparten i porten bak drabantarne; de skal greida vakti til vern åt huset. 7Båe dei hine vaktskifti, alle dei av dykk som skulde verta avløyste frå vakt på kviledagen, dei skal halda vakt um kongen i Herrens hus; 8de skal gjera manngard rundt ikring kongen, kvar mann med våpn i hand! kjem nokon innpå rekkjorne, so hogg honom ned! Soleis skal de vera med kongen både når han gjeng ut, og når han gjeng inn.» 9Hovudsmennerne gjorde alt soleis som presten Jojada baud; kvar og ein tok sine folk, både dei som skulde taka ved vakti um kviledagen og dei som skulde ganga frå um kviledagen; dei kom til presten Jojada, 10og presten gav hovudsmennerne dei spjoti og dei skjoldarne som kong David hadde ått, og som var i Herrens hus. 11Livvakti tok post, kvar med våpn i hand, frå sudsida av huset til nordsida av huset, til altaret, og derifrå til huset att, i manngard kring kongen. 12So leidde han kongssonen ut og sette på honom kruna og gav honom lovi. Dei tok honom til konge og salva honom, klappa i henderne og ropa: «Live kongen!» 13Då Atalja høyrde ropet frå livvakti og folket, gjekk ho til Herrens hus, der folket stod. 14Der fekk ho då sjå kongen standa på den høge tramen, som skikken var, og hovudsmennerne og lurblåsarane attmed kongen, og alt landsens folk som fegnast og bles i lur. Då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing, samansverjing!» 15Presten Jojada baud hovudsmennerne, herførarne: «Leid henne ut millom rekkjorne!» sagde han til deim, «og er so nokon fylgjer etter henne, so hogg honom ned!» Presten vilde ikkje ho skulde verta drepi i Herrens hus. 16Dei tok henne då og førde henne inn i kongsgarden gjenom hesteporten; og der let ho livet. 17Jojada gjorde den pakti millom Herren og kongen og folket, at dei skulde vera Herrens folk. Ogso millom kongen og folket gjorde han semja. 18Alt landsens folk gjekk so av stad burt til Ba’als-huset og reiv det ned, og altari hans og bilæti krasa dei i mol og mask. Mattan, Ba’als-presten, drap dei framfor altari. So sette Jojada vaktmenner ved Herrens hus. 19Deretter tok han med seg hovudsmennerne og livvakti og alt landsens folk, og dei førde kongen frå Herrens hus inn i kongsgarden gjenom livvakt-porten. Han sette seg på kongsstolen, 20og alt folket fegnast; og byen kom til ro. Men Atalja hadde dei hogge i hel i kongsgarden. 21Sju år gamall var Joas då han vart konge.