1Eg påminner framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneskje, 2for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, at me kann liva eit stilt og rolegt liv i all gudleg age og søma. 3For dette er godt og tekkjelegt for Gud, vår frelsar, 4han som vil at alle menneskje skal verta frelste og koma til å kjenna sanningi. 5For ein Gud er det, ein millommann er det og millom Gud og menneskje, det menneskjet Kristus Jesus, 6han som gav seg sjølv til løysepening for alle, eit vitnemål i si tid; 7og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel - eg segjer sanning, eg lyg ikkje - til lærar for heidningarne i tru og sanning. 8Eg vil då at mennerne på kvar stad skal beda so, at dei lyfter heilage hender utan vreide og ordstrid, 9like eins og at kvinnorne skal pryda seg med sømeleg klædnad i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad, 10men som det sømer seg kvinnor som vedkjenner seg gudlegdom, med gode gjerningar. 11Ei kvinna skal lata seg læra i stilla med all lydnad. 12Men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å læra eller å bjoda yver mannen, men å vera i stilla. 13For Adam vart skapt fyrst, og so Eva; 14og Adam vart ikkje dåra; men kvinna vart dåra og fall i misgjerning. 15Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med æra.