1Difor, då me ikkje lenger kunde halda det ut, rådde me oss til å verta åleine att i Aten, 2og me sende Timoteus, vår bror og Guds tenar i Kristi evangelium, til å styrkja dykk og påminna dykk um dykkar tru, 3at ikkje nokon skulde verta ustød i desse trengslor. De veit sjølve at me er sette til det; 4for då me var hjå dykk, sagde me dykk fyreåt at me skulde lida trengslor, so som det og gjekk, og som de veit. 5Difor sende eg og bod, då eg ikkje lenger kunde halda det ut, so eg kunde få vita um dykkar tru, um freistaren skulde ha freista dykk, og vårt arbeid skulde verta til unyttes. 6Men no, då Timoteus er komen til oss frå dykk og hev bore oss godt bod um dykkar tru og kjærleik, og at de alltid hev oss i venlegt minne og lengtar etter å sjå oss, liksom me etter dykk, 7so er me dermed trøysta yver dykk, brør, i all vår trengsla og naud, ved dykkar tru. 8For no liver me, so framt de stend faste i Herren. 9For kva takk kann me gjeva Gud att for dykk, for all den gleda som me kjenner yver dykk for vår Guds åsyn, 10medan me natt og dag naudbed um å få sjå dykkar åsyn og bøta på det som endå vantar i dykkar tru? 11Men han, vår Gud og Fader, og vår Herre Jesus styre vår veg til dykk! 12Og dykk gjere Herren fullrådde og ovrike på kjærleik til kvarandre og til alle, liksom me er det mot dykk, 13for at han kann styrkja hjarto dykkar, so de vert ulastelege i heilagdom for vår Gud og Faders åsyn, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage!