1Kong Salomo var no konge yver heile Israel. 2Og dei fremste menner han hadde var dette: Azarja Sadoksson var prest; 3Elihoref og Ahia, søner åt Sisa, var riksskrivarar; Josafat Ahiludsson var kanslar; 4Benaja Jojadason var set yver heren, og Sadok og Abjatar var prestar. 5Azarja Natansson var set yver futarne, Zabud Natansson var prest og ven med kongen; 6Ahisar var drottsete, og Adoniram Abdason hadde tilsyn med pliktarbeidarane. 7Og Salomo hadde tolv bygdefutar yver heile Israel. Dei hadde på seg å forsyna kongen og kongsgarden hans; dei forsynte honom kvar sin månad um året. 8Dette er namni deira: Son åt Hur i fjellbygdi i Efraim; 9son åt Deker i Mahas og i Sa’albim, Bet-Semes, Elon-Bet-Hanan; 10son åt Hesed i Arubbot, som hadde Soko og heile Heferlandet; 11son åt Ahinadab, som hadde heile høglandet Dor, og som fekk Tafat, dotter åt Salomo, til kona; 12Ba’ana Ahiludsson i Ta’anak og Megiddo og i heile den luten av Bet-Sean som ligg attmed Sartan nedanfor Jizre’el, frå Bet-Sean til Ahel-Mehola og burtum Jokmeam; 13son åt Geber i Ramot i Gilead; han hadde Gileads-byarne åt Ja’ir Manasseson; han hadde Argoblandet, som ligg i Basan, seksti store byar med murar og koparslåer; 14Ahinadab Iddoson hadde Mahanajim; 15Ahima’as i Naftali; han og hadde teke ei dotter åt Salomo, Basmat, til kona; 16Ba’ana Husaison i Asser og Alot; 17Josafat Paruahsson i Issakar; 18Sime’i Elason i Benjamin; 19Geber Urison i Gileadlandet, det landet som amoritarkongen Sihon og kong Og i Basan hadde havt; og han var den einaste futen i den landsluten. 20Juda og Israel var då so mangmente som sanden ved havet; og dei åt og drakk og var glade. 21Og Salomo rådde yver alle kongeriki frå Storelvi til Filistarlandet og heilt ned til landskilet imot Egyptarland. Dei sende gåvor til Salomo, og lydde honom so lenge han livde. 22Og dei matvaror Salomo trong for kvar dag, var nitti tunnor fint mjøl og eit hundrad og åtteti tunnor vanlegt mjøl, 23ti gjødde uksar, tjuge utgangsuksar, hundrad sauer, umfram hjortar, gasellor, antilopar og gjødde fuglar. 24For han rådde yver heile landet på andre sida av Storelvi, frå Tifsah og heilt til Gaza, han stod yver alle kongarne på andre sida Storelvi, og han hadde fred rundt ikring, 25so Juda og Israel sat trygt, kvar mann under sit vintre og under sitt fiketre, ifrå Dan radt til Be’erseba, so lenge Salomo livde. 26Og Salomo hadde fyrti tusund par vognhestar og tolv tusund ridehestar. 27Og bygdefutarne forsynte kong Salomo og alle deim som gjekk til bords hjå kong Salomo kvar sin månad; dei let det ikkje skorta på nokon ting. 28Bygg og halm til hestarne og tråvarane sende dei, kvar etter sin tur, til den staden der han heldt til. 29Og Gud gav Salomo visdom og ovstor kunnskap og eit vit som femnde vidt - liksom sanden ved havet, 30so at visdomen åt Salomo var større enn visdomen hjå austmennerne og egyptarane. 31Han var visare enn alle andre menneskje, visare enn ezrehiten Etan, Heman og Kalkol og Darda, sønerne åt Mahol; og det gjekk gjetord av honom hjå alle folki vida ikring. 32Han dikta tri tusund ordtøke, og songarne hans var eit tusund og fem i talet. 33Han tala um trei, like frå cederen på Libanon til isopen som veks uppetter murveggen; han tala um firfot-dyri og fuglarne, um krypdyri og fiskarne. 34Frå alle land kom dei og vilde høyra på visdomen åt Salomo, frå alle kongarne på jordi som høyrde gjete kor vis han var.