1No heldt dei seg rolege i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel. 2Men i det tridje året bar det so til at Josafat, Juda-kongen, drog ned til Israels-kongen. 3Då sagde Israels-kongen til mennerne sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Men me sit rolege og tek ikkje byen ifrå syrarkongen.» 4Og han sagde til Josafat: «Vil du draga med meg til strid um Ramot i Gilead?» Og Josafat sagde til Israels-kongen: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.» 5Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!» 6Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.» 7Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja Herren gjenom honom?» 8Israels-kongen svara: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved, men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!» 9Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!» 10Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud på kvar sin kongsstol, på treskjarvollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim. 11Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tynar deim.»» 12Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.» 13Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavas med deira, og lova lukka du og!» 14Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som Herren segjer til meg.» 15Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.» 16Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?» 17Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»» 18Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje, at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?» 19Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod der hjå honom på den høgre og den vinstre sida. 20Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so. 21Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?» 22Han svara: Eg vil ganga ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad og gjer so!» 23Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg. 24Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare frå meg for å tala med deg?» 25Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.» 26Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas, 27og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost til kongen kjem heim att med heilo!»» 28Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg!» Og so sagde han: «Høyr de folk, alle saman!» 29So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead. 30Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden; men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut og gjekk inn i striden. 31Men syrarkongen hadde gjeve det bodet til sine tvo og tretti hovdingar for stidsvognarne, at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen. 32Då no hovdingarne for stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei vende seg til åtak på honom. Då sette Josafat i eit høgt rop. 33Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom. 34Men ein mann som spende bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren; for eg er såra!» 35Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni imot syrarane; men um kvelden døydde han. Og blodet frå såret hadde runne ned i vogni. 36Ved soleglad gjekk det ropet gjenom heren: «Kvar mann heim til sin by! og kvar mann til sitt land!» 37So døydde då kongen og vart førd til Samaria, og dei jorda kongen i Samaria. 38Då dei skylde vogni ved dammen i Samaria, slikka hundarne blodet hans, og skjøkjorne lauga seg i det, etter Herrens ord som han hadde tala. 39Det som elles er å fortelja um Ahab og alt det han gjorde, og um flisbeinhuset han bygde, og um alle dei byarne han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. 40So lagde Ahab seg til kvile hjå federne sine, og Ahazja, son hans, vart konge i staden hans. 41Josafat Asason vart konge yver Juda i det fjorde styringsåret åt Ahab, Israels-kongen. 42Fem og tretti år gamall var Josafat då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem; mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi. 43Og han for heilt i same faret som Asa, far sin; han veik ikkje av frå det, med di han gjorde det som rett var i Herrens augo. 44Men offerhaugarne vart ikkje burttekne, folket heldt ved og ofra slagtoffer og brende røykoffer på haugarne. 45Og Josafat heldt fred med Israels-kongen. 46Det som elles er å fortelja um Josafat, og dei storverki han gjorde og dei krigarne han førde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. 47Han rudde ut or landet dei utukt-sveinarne som hadde vorte att den tid Asa, far hans, styrde. 48Det var ingen konge i Edom; ein jarl var konge. 49Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde fara til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber. 50Då sagde Ahazja Ahabsson til Josafat: «Lat mine menner fara med dine på skipi!» Men Josafat vilde ikkje. 51Og Josafat lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far hans, og Joram, son hans, vart konge i staden hans. 52Ahazja Ahabsson vart konge yver Israel i det syttande styringsåret åt Juda-kongen Josafat, og han rådde yver Israel i tvo år. 53Og han gjorde det som vondt var i Herrens augo og for fram i fotefari åt far sin og mor si og Jerobeam Nebatsson, han som fekk Israel til å synda. Og han tente Ba’al og bad til honom, og harma Herren, Israels Gud, plent som far hans hadde gjort.