1Og Herren, allhers drott, sende ordet sitt soleis: 2So segjer Herren, allhers drott: Eg er mykje, mykje ihuga for Sion, ja, med brennande harm er eg ihuga for det. 3So segjer Herren: Eg vil venda attende til Sion og taka bustad i Jerusalem, og Jerusalem skal heita «Truskapsbyen» og fjellet åt Herren, allhers drott, «Heilagfjellet». 4So segjer Herren, allhers drott: Atter skal gamle menner og gamle kvinnor sitja på torgi i Jerusalem, alle med stav i hand for deira alderdom skuld, 5og torgi i byen skal vera fulle av gutar og gjentor som leikar seg der på torgi. 6So segjer Herren, allhers drott: Um dette kjem til å synast umogelegt for leivningen av dette folket i dei dagar, skulde det då og synast umogelegt for meg? segjer Herren, allhers drott. 7So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg skal frelsa folket mitt frå Austerheimen og Vesterheimen 8og føra deim heim, og dei skal bu i Jerusalem og vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud i truskap og rettferd. 9So segjer Herren, allhers drott: Lat dykkar hender vera sterke, de som i denne tid høyrer desse ordi av dei same profetarne som tala på den dagen då grunnsteinen vart lagd til huset åt Herren, allhers drott, templet, som skulde byggjast upp! 10Fyre desse dagarne hadde korkje folk eller fe løn for strævet sitt, og korkje den som gjekk ut eller den som gjekk inn var trygg for fienden; for eg slepte alle menneskje laus på kvarandre. 11Men no vil eg ikkje vera som i dei framfarne tider mot leivningen av dette folket, segjer Herren, allhers drott. 12Nei, trygt skal sædet vera: Vintreet skal gjeva si frukt og jordi si grøda, himmelen skal gjeva si dogg, og eg skal gjeva leivningen av dette folket alt dette til eiga. 13Då skal det henda: liksom de hev vore ei forbanning millom folki, både Judas hus og Israels hus, so vil eg no frelsa dykk, og de skal verta ei velsigning. Ottast ikkje! Lat dykkar hender vera sterke! 14For so segjer Herren, allhers drott: Liksom eg sette meg fyre å gjera vondt imot dykk, då federne dykkar gjorde meg harm, og eg ikkje angra på det, segjer Herren, allhers drott, 15soleis hev eg no i desse dagarne sett meg fyre å gjera vel imot Jerusalem og Judas hus. Ottast ikkje! 16Dette er det de skal gjera: Tala sanning med kvarandre! Seg rette og fredsæle domar i portarne dykkar! 17Tenk ikkje på vondt mot kvarandre i hjarta dykkar, og hav ikkje hug til rang eid! For alt slikt hatar eg, segjer Herren. 18Og ordet frå Herren, allhers drott, kom til meg soleis: 19So segjer Herren: Fasta i den fjorde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta Judas hus til frygd og gleda og gilde høgtider. Men elska sanningi og freden! 20So segjer Herren, allhers drott: Endå skal det verta so at folkeslag skal koma, ja, folk frå mange byar, 21og folket i den eine byen skal fara til den andre og segja: «Kom, lat oss ganga av stad og blidka Herren og søkja Herren, allhers drott!» «Eg vil ganga, eg og.» 22Og då skal det koma mange folkeslag og mannsterke heidningfolk og søkja Herren, allhers drott, i Jerusalem, og blidka Herren. 23So segjer Herren, allhers drott: I dei dagarne skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidningfolk, tek fat i kjolesnippen åt ein mann frå Juda og segjer: «Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Herren er med dykk.»