1Sjå, det kjem ein Herrens dag då dei skal skifta ut ditt herfang inne i deg. 2Då skal eg samla alle folkeslagi til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnorne skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen. 3Og Herren skal fara ut og strida mot desse folki som han stridde fyrr på slagdagen. 4På den dagen skal han standa med føterne på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord og andre helvti mot sud. 5Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal nå heilt til Asel; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda. Då skal han koma, Herren, min Gud - alle heilage med deg. 6På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; stjernorne skal kverva burt. 7Og det skal koma ein viss dag - han er kjend av Herren - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost. 8Og på den dagen skal det strøyma livande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna. 9Då skal Herren vera konge yver heile jordi; på den dagen skal Herren vera ein og namnet hans eitt. 10Heile landet skal verta som Jordan-kverven, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, radt ifrå Benjamins-porten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersorne åt kongen. 11Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir, og Jerusalem skal liggja der trygt. 12Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna, medan dei stend på sine føter, augo deira skal rotna i holorne sine, og tunga skal rotna i munnen på deim. 13På den dagen skal ei stor rædsla frå Herren koma yver deim, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre. 14Ogso Juda skal strida i Jerusalem, og då skal han samlast, rikdomen frå alle heidningfolki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd. 15Den same refsingi skal og koma yver hestarne og muldyri og kamelarne og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri. 16Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og beda til kongen, Herren, allhers drott, og høgtida lauvhyttehelgi. 17Og um nokre av ætterne på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og bed til kongen, Herren, allhers drott, so skal det ikkje koma regn hjå deim. 18Dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal den same refsingi koma yver deim som Herren let koma yver dei heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi. 19Dette er syndestraffi for Egyptarland og for alle heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi. 20På den dagen skal det standa på bjøllerne åt hestarne: «Vigd åt Herren,» og grytorne i Herrens hus skal vera som offerskålerne framfor altaret. 21Og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera vigd åt Herren, allhers drott, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av deim og koka i deim, og det skal ikkje meir finnast nokon kræmer i huset åt Herren, allhers drott, på den dagen.