1Men du skal tala slikt som høver til den heilsame læra: 2at gamle menn skal vera ædrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken, i tolmodet; 3like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje vera baktalende, ikkje trælar under drykk, men vegleidarar i det gode, 4so dei kann læra dei unge kvinnorne å elska mennerne sine og borni sine, 5til å vera vislege, reine, huslege, gode, sine menner undergjevne, so Guds ord ikkje skal verta spotta. 6Dei unge menner skal du like eins påminna um å vera vislege, 7og vis deg sjølv i alle ting som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrdnad, 8heilsam, ulasteleg tale, so motstandaren må verta skjemd, når han inkje vondt hev å segja um oss. 9Tenarar skal du påminna um å vera sine eigne herrar undergjevne, å tekkjast deim i alle ting, ikkje segja imot, 10ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars, læra. 11For Guds nåde er openberra til frelsa for alle menneskje, 12med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lyster og liva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi, 13medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom, 14han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk som er ihuga til gode gjerningar. 15Dette skal du tala og påminna og refsa med all fyresegn. Lat ingen vanvyrda deg!