1«Kvar helst er han gjengen, din ven, du fagraste dros? Kvar helst hev din ven svive av, so me kann leita med deg?» 2«Min ven gjekk til hagen sin ned, til balsam-sengjer, til å gjæta i hagom og liljor sanka.» 3«Min ven er min og eg er hans, han som gjæter millom liljor.» 4«Du er fager, du min hugnad, som Tirsa, som Jerusalem er du frid, som herfylgje ageleg. 5Snu augo dine ifrå meg, for dei magtstel meg. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn. 6Dine tenner ein flokk med sauer, komne upp or laug, med tvillingar alle, utan lamb er ingen. 7Som eit granateple-brot din tinning glytter fram attum slør. 8Seksti dronningar, åtteti fylgjekvende, av møyar ein endelaus lyd. 9Men ei einast’ mi duva, mi frægd, einaste barnet til mor, brikna hennar som henne åtte. Ho vert sælka av møyar, henne ser, av dronningar og fylgjekvende lova.» 10«Kven er ho som lik morgonroden gloser, som fullmånen fager, brikjeleg som sol, som herfylgje ageleg?» 11«Eg gjekk ned i natahagen, vilde sjå kor det grønkast i dale, vilde sjå um vintreet spratt, um granateple-treet bar blom. 12Eg visste ’kje av, fyrr hugen meg drog og meg sette på mitt gjæve folks vogn.» 13«Å, snu deg, snu deg, Sulammit! Snu deg, snu deg, so me deg ser.» «Kva er det å sjå på Sulammit?» «Ein dans som i Mahanajim.»