1«Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalom.» 2«Ja, som ei lilja i klunger-holt millom møyar min hugnad er.» 3«Liksom ein apall, i skogen stend er venen min millom sveinar. Eg sitje so ljuvt i skuggen hans, og søt er frukti i munn. 4Inn i vinhuset hev han meg ført, og hans merke yver meg det er kjærleik. 5Å, styrk meg med druvekakor, med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik. 6Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg. 7Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil!» 8«Høyr! Min ven! Sjå der, han kjem! Yver fjelli, sjå, han sprett, yver haugarne han renn. 9Min ven ei gasella er lik eller som ungan hjort. Sjå der! No han stend attum vår vegg. Gjenom glyttom ser han inn. 10Han tek til min ven å tala til meg: «Du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom ut! 11For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt. 12Du ser blomarne sprett utpå voll. D’er det bilet dei vintrei skjer, og turtelduva ho syng i vårt land. 13Fiketreet skyt frukt, vintrei stend alt i blom med angande dåm, du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom! 14Du, mi duva, i bergeskard, som i fjellveggen sit, lat ditt andlit meg sjå, lat meg høyra ditt mål, for ditt mål er so ljuvt, og ditt andlit so vænt.» 15«Fare av og revarne slå, dei revarne små, som i hagom mun gå, for hagarne no, dei tek til å gro.» 16Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.» 17«Skrid du, min ven, til dagen vert sval, og skuggarne flyr, ei gasella lik eller ungan hjort uppi skardefjellom.»