1I den tidi då domarane styrde, vart det uår i landet. Då for ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og båe sønerne sine og vilde bu i Moablandet ei stund. 2Mannen heitte Elimelek og kona hans No’omi, og dei tvo sønerne Mahlon og Kiljon; dei var efratitar, frå Betlehem i Juda. No kom dei då til Moablandet og vart veranda der. 3Og Elimelek, mannen hennar No’omi, døydde; men ho livde att med dei tvo sønerne sine. 4Sønerne tok seg konor frå Moablandet; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der på lag ti år. 5Då døydde både Mahlon og Kiljon, og kvinna livde att etter sønerne sine og mannen sin. 6Då budde ho seg til å fara heim att frå Moablandet med sonekonorne sine; for ho hadde høyrt i Moablandet at Herren hadde set um folket sitt og gjeve deim brød. 7So gav ho seg i veg frå den staden der ho hadde butt, ho og båe sonekonorne hennar. Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Judalandet, 8då sagde No’omi til sonekonorne sine: «Snu no og gakk heim att kvar til si mor! Herren vere miskunnsam mot dykk, so som de hev vore mot båe dei avlidne og mot meg! 9Herren gjeve at de må finna ro, kvar i huset hjå sin mann!» So kysste ho deim; men dei tok til å gråta, 10og sagde til henne: «Nei, me vil fylgja med deg attende til folket ditt.» 11Men No’omi svara: «Snu att, døtterne mine; kvifor skulde de ganga med meg? Kann eg endå få søner i mitt liv som kunde verta menner åt dykk? 12Snu, døtterne mine, og gakk heim att! for eg er for gamall til å gifta meg att. Og um so var at eg kunde tenkja: «Eg hev endå von,» ja um eg so alt i natt gav meg åt ein mann, og so vart at eg fødde søner, 13skulde so de bia til dei vart fullvaksne? skulde so de stengja dykk inne og liva utan menner? Nei, døtterne mine, eg tykkjer synd i dykk, for meg hev Herrens hand råma.» 14Då tok dei til å gråta att, og Orpa kysste vermor si til avskil, men Rut vilde ikkje slite seg laus frå henne. 15Då sagde ho: Sjå, versyster di hev snutt heim att til folket sitt og til sin gud. Snu no du og, og fylg versyster di!» 16Men Rut svara: «Ikkje tel meg til å snu att og ganga frå deg! for der du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, der vil eg og stana. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud. 17Der du døyr, vil eg og døy, og der vil eg verta jorda. Herren late meg bøta for det no og sidan, um noko anna enn dauden skulde skilja meg frå deg!» 18Då ho no såg at ho stod fast på sitt og vilde vera med henne, tala ho ikkje meir med henne um dette. 19So gjekk dei saman til dei kom til Betlehem. Og då dei kom til Betlehem, kom heile byen i rørsla for deira skuld, og kvinnorne sagde: «Er dette No’omi?» 20Men ho sagde til deim: «Kalla meg ikkje No’omi, men kalla meg Mara, for Den Allmegtige hev late mykje sorg koma yver meg. 21Rik for eg herifrå, og tomhendt hev Herren late meg koma att. Kvifor kallar de meg No’omi då når Herren hev vitna mot meg, og den Allmegtige hev late det ganga meg so ille?» 22So kom då No’omi heim att frå Moabland med sonekona si, moabitkvinna Rut, og dei kom til Betlehem då dei tok til med skurdonni.