1Etter di me no er rettferdiggjorde av trui, hev me fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus, 2som me ved trui og hev fenge tilgjenge ved til denne nåden som me stend i, og me rosar oss av von um Guds herlegdom. 3Ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av trengslorne våre, med di me veit at trengsla verkar tolmod, 4og tolmodet verkar røynsla, og røynsla verkar von, 5og voni gjer ikkje til skammar, av di Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved den Heilage Ande som er oss gjeven. 6For medan me endå var veike, døydde Kristus til fastsett tid for ugudlege. 7For det vil vandt nokon døy for ein rettferdig - for ein som er god kunde kanskje einkvan taka på seg å døy -; 8men Gud syner sin kjærleik til oss med di at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar. 9So mykje heller skal me då, no me er rettferdiggjorde ved hans blod, verta frelste ved honom frå vreiden. 10For so sant me vart forlikte med Gud ved hans sons daude då me var fiendar, so skal me so mykje heller verta frelste ved hans liv no då me er forlikte. 11Ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av Gud ved vår Herre Jesus Kristus, som me no hev fenge forlik ved. 12Difor, liksom syndi kom inn i verdi ved eitt menneskje og dauden ved syndi, og dauden soleis trengde igjenom til alle menneskje av di dei synda alle - 13For vel var det synd i verdi fyre lovi, men syndi vert ikkje tilrekna der det ingi lov er; 14men endå rådde dauden frå Adam til Moses ogso yver deim som ikkje hadde synda i likning med Adams brot, han som er eit fyrebilæte på den som skulde koma. 15Men ikkje er det med nådegåva soleis som med fallet; for hev dei mange døytt med di at den eine fall, so hev mykje meir Guds nåde og gåva vorte ovrik for dei mange i det eine menneskje Jesu Kristi nåde. 16Og ikkje er det med gåva soleis som det vart då ein synda; for domen vart til fordøming for ein skuld, men nådegåva vart til fridøming for mange fall skuld. 17For dersom dauden kom til å råda på grunn av den eine manns fall, so skal mykje meir dei som fær den ovrike nåde og rettferds-gåva, liva og råda ved den eine, Jesus Kristus. 18Difor, liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneskje, so vart og ein manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneskje. 19For liksom dei mange vart syndarar ved ulydnaden åt det eine menneskjet, so skal og dei mange verta rettferdige ved lydnaden åt den eine. 20Men lovi kom attåt, so fallet skulde verta stort; men der syndi vart stor, vart nåden endå større, 21so liksom syndi rådde ved dauden, skulde nåden og råda ved rettferd til ævelegt liv ved Jesus Kristus, vår Herre.