1Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankarne hans! 2Den eine hev tru til å eta alle slag, men den veike et berre urter. 3Den som et, vanvyrde ikkje den som ikkje et; og den som ikkje et, døme ikkje den som et! For Gud hev teke seg av honom. 4Kven er du som dømer ein framand dreng? Han stend eller fell for sin eigen herre; men han skal verta standande, for Gud hev magt til å halda honom uppe. 5Den eine gjer skil på dagarne, den andre held alle dagar like; kvar vere fullviss i sin eigen hug. 6Den som agtar på dagen, gjer det for Herren, og den som ikkje agtar på dagen, gjer det for Herren. Og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud; og den som ikkje et, gjer det for Herren og takkar Gud. 7For ingen av oss liver for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv; 8for um me liver, so liver me for Herren, og me døyr, so døyr me for Herren, so anten me liver eller døyr, høyrer me Herren til. 9For Kristus døydde og vart livande att, for di at han skulde vera herre både yver livande og yver daude. 10Men du, kvi dømer du bror din? eller du, kvi vanvyrder du bror din? me skal då alle fram for Guds domstol. 11For det stend skrive: «So sant eg liver, segjer Herren, for meg skal kvart kne seg bøygja, og kvar tunga skal prisa Gud.» 12So skal då kvar og ein av oss gjera Gud rekneskap for seg sjølv. 13Lat oss difor ikkje lenger døma kvarandre, men døm heller so, at de ikkje skal leggja støyt eller fella for bror dykkar! 14Eg veit og er viss på det i Herren Jesus, at ingen ting er urein i seg sjølv; men dersom nokon held noko for ureint, so er det ureint for honom. 15Fær bror din sorg for din mat skuld, so fer du ikkje lenger fram i kjærleik; før ikkje med din mat honom i fortaping som Kristus døydde for! 16Lat då ikkje det gode de hev, verta til spott! 17For Guds rike er ikkje eting og drikking, men rettferd og fred og gleda i den Heilage Ande; 18for den som tener Kristus i det, han er hugnadleg for Gud og tekkjeleg for menneskje. 19Lat oss difor trå etter det som tener til fred og til uppbyggjing innbyrdes. 20Riv ikkje ned Guds verk for mat skuld! Alt er vel reint, men det er vondt for det menneskje som et med samvitsagg. 21Det er godt å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko som bror din støyter seg på. 22Du hev tru; hav henne hjå deg sjølv for Gud! Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv i det han valet han gjer; 23men den som tvilar - et han, so er han dømd, av di det ikkje er gjort av tru; alt som ikkje er av tru, det er synd.