1Og då det opna det sjuande innsiglet, vart det stilt i himmelen umkring ein halv time. 2Og eg såg dei sju englarne som stend for Guds åsyn, og det vart gjeve deim sju basunar. 3Og ein annan engel kom og stod ved altaret, og han hadde eit røykjefat av gull, og det vart gjeve honom mykje røykjelse, som han skulde leggja til bønerne frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor stolen. 4Og røyken av røykjelsen steig frå engelens hand upp for Gud med bønerne frå dei heilage. 5Og engelen tok røykjefatet og fyllte det med eld frå altaret og kasta det på jordi; og det kom toredunar og røyster og ljoneldar og jordskjelv. 6Og dei sju englarne som hadde dei sju basunarne, gjorde seg ferdige til å blåsa i deim. 7Og den fyrste engelen bles. Og det kom hagl og eld, blanda med blod, og vart kasta ned på jordi; og tridjeparten av jordi vart uppbrend, og tridjeparten av trei vart uppbrend, og alt grønt gras vart uppbrend. 8Og den andre engelen bles. Og det vart liksom eit stort fjell, brennande i eld, kasta i havet; og tridjeparten av havet vart til blod. 9Og so døydde tridjeparten av dei skapningar i havet som hadde liv, og tridjeparten av skipi gjekk under. 10Og den tridje engelen bles. Og frå himmelen fall ei stor stjerna, brennande som ein kyndel, og ho fall på tridjeparten av elvarne og på vatskjeldorne. 11Og namnet på stjerna var malurt, og tridjeparten av vatnet vart til malurt, og mange menneskje døydde av vatnet, då det hadde vorte beiskt. 12Og den fjorde engelen bles. Og tridjeparten av soli vart slegen, og tridjeparten av månen og tridjeparten av stjernorne, so tridjeparten av deim skulde verta formyrkt, og tridjeparten av dagen missa ljoset sitt, og natti like eins. 13Og eg såg, og eg høyrde ein ørn som flaug under det høgste av himmelen og sagde med høg røyst: «Usæle, usæle, usæle dei som bur på jordi, for dei andre basunrøyster av dei tri englar som endå skal blåsa!»