1Og han viste meg ei elv med livsens vatn, som rann klår som krystall ut frå kongsstolen åt Gud og Lambet. 2Midt imillom bygata og elvi, på båe sidor, stod livsens tre, som bar tolv gonger frukt og gav kvar månad si frukt. Og lauvet på treet var til helsebot for folki. 3Og ingi bannstøyting skal vera meir, og kongsstolen åt Gud og Lambet skal vera der, og hans tenarar skal tena honom. 4Og dei skal sjå hans åsyn, og hans namn skal vera på panna deira. 5Og natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje til ljos av lampa og ljos av sol, for Gud Herren skal lysa yver deim; og dei skal råda i all æva. 6Og han sagde til meg: «Desse ord er truverdige og sanne; og Herren, den Gud som skifter ut sin Ande til profetarne, hev sendt sin engel til å syna tenarane sine det som snart skal henda. 7Sjå, eg kjem snart! Sæl er den som tek vare på dei profetiske ord i denne boki.» 8Og eg, Johannes, er den som såg og høyrde dette. Og då eg hadde høyrt og set, fall eg ned og vilde tilbeda for føterne til den engelen som synte meg dette. 9Og han segjer til meg: «Sjå til du ikkje gjer det; for eg er medtenar til deg og brørne dine, profetarne, og til deim som tek vare på ordi i denne boki. Tilbed Gud!» 10Og han segjer til meg: «Du skal ikkje setja innsigle på dei profetiske ord i denne boki! for tidi er nær. 11Lat den som gjer urett gjera urett framleides, og den ureine verta urein framleides, og den rettferdige gjera rettferd framleides, og den heilage verta helga framleides! 12Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, til å gjeva kvar attergjeld, etter som hans gjerning er. 13Eg er A og Å, upphavet og enden, den fyrste og den siste. 14Sæle er dei som tvær kjolarne sine, so dei må få rett til livsens tre og koma inn i byen gjenom portarne. 15Men utanfor er hundarne og trollmennerne og horkararne og manndråparane og avgudsdyrkarane og kvar som elskar og talar lygn. 16Eg, Jesus, hev sendt min engel til å vitna dette for dykk um kyrkjelydarne. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna. 17Og Anden og bruri segjer: «Kom!» Og den som høyrer det, segje: «Kom!» Og den som er tyrst, han kome, og den som vil, han take livsens vatn for inkje!» 18Eg vitnar for kvar som høyrer dei profetiske ordi i denne boki: Dersom nokon legg noko til dette, so skal Gud leggja på honom dei plågor som er skrivne i denne boki. 19Og dersom nokon tek noko burt frå ordi i denne profetiske boki, so skal Gud taka hans lut burt frå livsens tre og frå den heilage byen som det stend skrive um i denne boki. 20Han som vitnar dette, segjer: «Ja, eg kjem snart.» Amen, ja kom, Herre Jesus! 21Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.