1Og eg høyrde ei høg røyst frå templet, som sagde til dei sju englarne: «Gakk og tøm dei sju skålerne med Guds vreide ut på jordi!» 2Og den fyrste gjekk og tømde si skål på jordi; og det kom ein vond og våleg svoll på dei menneskje som hadde merket åt dyret, og som tilbad bilætet av det. 3Og den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein daud mann, og kvar livande sjæl i havet døydde. 4Og den tridje engelen tømde si skål i elvarne og vatskjeldorne, og det vart til blod. 5Og eg høyrde engelen yver vatni segja: «Rettferdig er du som er og som var, du heilage, at du hev halde slik dom. 6For blod av heilage og av profetar rende dei ut, og blod gav du deim å drikka; for dei er det verde.» 7Og eg høyrde altaret segja: «Ja, Herre Gud, du allmegtige! Sanne og rettferdige er dine domar!» 8Og den fjorde engelen tømde si skål på soli, og ho fekk magt til å brenna menneski med eld. 9Og menneski vart brende av stor hite, og dei spotta Guds namn, hans som hev magt yver desse plågorne, og dei vende ikkje um, so dei gav honom æra. 10Og den femte engelen tømde si skål yver kongsstolen til dyret; og riket til det vart formyrkt, og dei togg tungorne sine av pinsla, 11og dei spotta Gud i himmelen for pinslorne sine og svollarne sine, og vende ikkje um frå sine gjerningar. 12Og den sette engelen tømde si skål i den store elvi Eufrat, og vatnet hennar turka upp, so vegen skulde verta rudd for kongarne frå Austerland. 13Og eg såg at det or munnen på draken og or munnen på dyret og or munnen på den falske profeten kom ut tri ureine ånder liksom paddor. 14For dei er djevle-ånder som gjer teikn, og dei gjeng ut til kongarne i heile mannheimen til å sanka deim saman til striden på den store dagen åt Gud den allmegtige. 15Sjå, eg kjem som ein tjuv! Sæl er den som vaker og vaktar klædi sine, so han ikkje skal ganga naken, og dei skal sjå hans skam! 16Og han førde deim saman til den stad som heiter på hebraisk Harmageddon. 17Og den sjuande engelen tømde si skål i lufti, og ei høg røyst kom ut frå templet i himmelen, frå kongsstolen, og sagde: «Det er gjort!» 18Og der kom ljoneldar og røyster og toredunar, og det vart ein stor jordskjelv, ein slik at det, alt sidan menneskja vart til på jordi, ikkje hev vore ein sovoren jordskjelv, so stor. 19Og den store byen vart kløyvd i tri partar, og byarne åt folki fall, og Babylon, den store, vart ihugkomi for Gud, at han skulde gjeva henne skåli med vinen av sin strenge vreide. 20Og kvar øy kvarv burt, og fjell vart ikkje funne. 21Og stort hagl, som hundrad pund tungt, fall ned frå himmelen på menneski, og menneski spotta Gud for plåga av haglet; for den plåga var ovleg stor.