1Og eit stort teikn vart set i himmelen: ei kvinna klædd med soli, og med månen under føterne, og på hovudet hadde ho ei kruna av tolv stjernor. 2Og ho var med barn og skreik i barnsnaud og i harde føderider. 3Og eit anna teikn vart set i himmelen, og sjå: ein stor eldraud drake, som hadde sju hovud og ti horn og på hovudi sine sju krunor. 4Og sterten hans drog tridjeparten av stjernorne på himmelen med seg og kasta deim ned på jordi; og draken stod framfor kvinna som skulde føda, so han kunde gløypa barnet hennar når ho hadde født det. 5Og ho fødde eit gutebarn, som skal styra alle heidningarne med jarnstav, og barnet hennar vart upprykt til Gud og til hans kongsstol. 6Og kvinna flydde ut i øydemarki, der ho hev ein stad som Gud hev laga til åt henne, for at dei skal næra henne der i tusund tvo hundrad og seksti dagar. 7Og det vart ein strid i himmelen: Mikael og hans englar stridde med draken, og draken stridde, og hans englar. 8Og dei vann ikkje, og deira stad vart ikkje heller meir funnen i himmelen. 9Og den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som dårar heile verdi; han vart kasta ned på jordi, og englarne hans vart kasta ned med honom. 10Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen, som sagde: «Frå no eig vår Gud frelsa og krafti og riket, og den han salva, hev magti; for klagaren mot brørne våre er kasta ned, han som klaga deim for vår Gud dag og natt. 11Og dei hev vunne yver honom i kraft av blodet av Lambet og det ordet dei vitna; og dei hadde ikkje livet sitt kjært, alt til dauden. 12Difor fagna dykk, de himlar, og de som bur i deim! Usæle jordi og havet! for djevelen hev fare ned til dykk i stor vreide, då han veit at han berre hev ei liti tid.» 13Og då draken såg at han var nedkasta til jordi, forfylgde han kvinna som hadde født guten. 14Og dei tvo vengjerne på den store ørnen vart gjevne til kvinna, so ho skulde fljuga ut i øydemarki til sin stad, der ho fær si føda ei tid og tider og ei halv tid, langt ifrå augo på ormen. 15Og ormen spruta or gapet sitt vatn som ei elv etter kvinna, for å riva henne burt med elvi. 16Men jordi kom kvinna til hjelp, og jordi opna sin munn og svelgde elvi som draken spruta ut or gapet sitt. 17Og draken vart arg på kvinna og gjekk burt og skulde strida med dei andre av hennar ætt, dei som held Guds bod og hev Jesu vitnemål. Og eg stod på sanden ved havet.