1Og eg såg ein annan veldug engel stiga ned frå himmelen, sveipt i ei sky, og regnbogen var yver hovudet hans, og hans åsyn var som soli, og føterne hans som eldstolpar. 2Og han hadde i handi ei liti opna bok, og han sette sin høgre fot på havet og den vinstre på jordi. 3Og han ropa med høg røyst, som ei løva burar, og då han hadde ropa, tala dei sju toredunar med sine røyster. 4Og då dei sju toredunar hadde tala med sine røyster, vilde eg til å skriva; og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sagde til meg: «Set innsigle for det som dei sju toredunar tala, og skriv det ikkje upp!» 5Og engelen, som eg såg standa på havet og på jordi, lyfte handi upp mot himmelen, 6og svor ved honom som liver i all æva, som skapte himmelen og det som er i honom, og jordi og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera nokor tid. 7Men i dei dagar då røysti av den sjuande engelen vert høyrd, når han skal blåsa, då skal og Guds løyndom vera fullenda, so som han forkynte for tenarane sine, profetarne. 8Og den røysti som eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter med meg og sagde: «Gakk og tak den litle opne boki i handi på den engelen som stend på havet og på jordi!» 9Og eg gjekk burt til engelen og sagde til honom: «Gjev meg den litle boki!» Og han sagde til meg: «Tak og et henne, og ho skal svida i magen din; men i munnen din skal ho vera søt som honning.» 10Og eg tok den litle boki or handi på engelen og åt henne, og ho var søt som honning i munnen min, men då eg hadde ete henne, sveid det i magen min. 11Og dei segjer til meg: «Du skal atter spå um mange landslydar og folk og tungemål og kongar.»