1Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg! 2Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar! 3For ein stor Gud er Herren og ein stor konge yver alle gudar, 4han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig topparne av fjelli. 5Han eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga. 6Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar! 7For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag! 8Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki, 9der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning. 10I fyrti år var eg leid av den ætti, og eg sagde: «Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegarne mine.» 11So svor eg i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»