1Ein salme, ein song til kviledagen. 2Det er godt å prisa Herren, og å syngja ditt namn lov, du Høgste, 3å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um næterne, 4med tistrengs-cither og med harpa, med tankefullt spel på cither. 5For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort. 6Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar. 7Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje. 8Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid. 9Men du, Herre, er høg i all æva. 10For sjå dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde. 11Du lyfter upp mitt horn som hornet til villuksen, frisk olje er rent yver meg. 12Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg. 13Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa. 14Dei er planta i Herrens hus og skal grønka i Guds fyregardar. 15Endå i høg alder skyt dei friske renningar, dei er groande og grønkande til å forkynna at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i honom.