1Til songmeisteren, etter Mut-labben; ein salme av David. 2Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil fortelja um alle dine under. 3Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste! 4av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunnar for ditt andlit. 5For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar. 6Du hev aga heidningarne, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid. 7Fienden er all lagd i øyde til æveleg tid, byarne hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut. 8Men Herren sit som konge til æveleg tid, han hev sett upp sin stol til doms, 9og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folkeslag med rettvisa. 10Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd. 11Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje deim som søkjer deg, Herre! 12Syng lovsong til Herren som bur på Sion! forkynn millom folki hans store gjerningar! 13For han som hemner blod, kjem deim i hug, han gløymer ikkje ropet frå dei arme. 14Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av deim som meg hatar, du som lyfter meg upp frå daudens portar, 15so eg kann forkynna all din pris, i portarne åt Sions dotter fagna meg i di frelsa. 16Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde. 17Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verk hans eigne hender gjorde. Higgajon. Sela. 18Dei ugudlege skal fara burt til helheimen, alle heidningar som gløymer Gud. 19For den fatige vert ikkje gløymd for alltid, dei arme folks von ikkje spillt i all æva. 20Statt upp, Herre, lat ikkje menneskje få magt, lat heidningarne verta dømde for di åsyn! Set rædsla i deim, Herre! Lat heidningarne kjenna at dei er menneskje! Sela.