1Ein salme til lærdom av ezrahiten Etan. 2Um Herrens miskunns verk vil eg æveleg syngja frå ætt til ætt vil eg med min munn forkynna hans truskap. 3For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen gjer du din truskap fast. 4«Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min: 5«Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.»» Sela. 6Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage. 7For kven i dei høge skyer likjest Herren? Kven er lik Herren millom gudesøner? 8Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom. 9Herre, allhers drott, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg. 10Du råder yver havsens ovmod; når bylgjorne i det reiser seg, stiller du deim. 11Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen, med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar. 12Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt. 13Nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast i ditt namn. 14Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand. 15Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; miskunn og truskap gjeng fyre di åsyn. 16Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlit skal dei ferdast. 17I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde. 18For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn. 19For Herren høyrer vår skjold til, og vår konge til Israels Heilage. 20Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sagde: «Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldug, eg hev upphøgt ein ungdom av folket. 21Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva honom. 22Mi hand skal alltid vera med honom, og min arm skal styrkja honom. 23Fienden skal ikkje trengja honom, og den urettferdige skal ikkje kua honom. 24Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn, og slå deim som hatar honom. 25Og min truskap og mi miskunn skal vera med honom, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft. 26Eg vil leggja hans hand på havet og hans høgre hand på elvarne. 27Han skal ropa til meg: «Du er min far, min Gud og mitt frelse-fjell!» 28Og eg vil setja honom til den fyrstefødde, til den høgste av kongarne på jordi. 29Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom. 30Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer. 31Dersom hans born forlet mi lov og ikkje vandrar etter mine domar, 32dersom dei bryt mine bodord og ikkje held mine fyresegner, 33då vil eg heimsøkja deira misgjerd med ris og deira skuld med plågor. 34Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå honom, og ikkje vil eg svika i min truskap. 35Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor. 36Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga. 37Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn. 38Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i skyi er trufast.» Sela. 39Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva. 40Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev skjemt hans kruna og kasta henne på jordi. 41Du hev brote ned alle murarne hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar. 42Alle som fer fram på vegen, plundrar honom, han hev vorte til spott for grannarne sine. 43Du hev upphøgt den høgre hand til hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade. 44Du hev og late og hans sverdsegg vika, og hev ikkje halde honom uppe i striden. 45Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi. 46Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev lagt skam yver honom. Sela. 47Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld? 48Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle menneskjeborn. 49Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? Sela. 50Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap? 51Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg må bera i fanget alle dei mange folk, 52at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar hans fotspor som du hev salva. Lova vere Herren æveleg! Amen, amen!