1Ein song, ein salme av Korahs born. Til songmeisteren; etter Mahalat leannot; ein song til lærdom av ezrahiten Heman. 2Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfyre deg. 3Lat mi bøn koma for di åsyn, bøyg ditt øyra til mitt klagerop! 4For mi sjæl er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen. 5Eg er rekna lik deim som fer ned i gravi, eg er som ein mann utan livskraft. 6Eg er forlaten millom dei daude, som dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, då dei er avskorne frå di hand. 7Du hev lagt meg i den djupe hola, i myrkrer, i ovdjup. 8Din harm kvilar tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. Sela. 9Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for deim, eg er innestengd og kann ikkje koma ut. 10Mitt auga hev vanmegtast av liding, eg hev kalla på deg kvar dag, Herre, eg hev rett ut mine hender til deg. 11Gjer du vel under for dei daude? eller vil skuggar stand upp og lova deg? Sela. 12Tru dei i gravi fortel um di miskunn, og um di truskap i avgrunnen? 13Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet? 14Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg. 15Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjæl? Kvifor løyner du ditt andlit for meg? 16Arm er eg og døyande frå ungdomen av, eg ber dine rædslor, eg lyt gjeva meg yver. 17Logarne av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes. 18Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev i samlag kringsett meg. Du hev drive langt burt frå meg ven og næste, mine kjenningar er myrkret.