1Av Korahs born; ein salme, ein song. Det som han hev grunnfest på dei heilage fjelli, 2Sions portar elskar Herren mest av alle Jakobs bustader. 3Herlege ting er sagde um deg, du Guds by. Sela. 4«Eg vil nemna Rahab og Babel millom deim som kjenner meg; sjå Filistaren, Tyrus og Kusj: Denne er fødd der.» 5Og um Sion skal det verta sagt: «Kvar ein er fødd der», og han, den Høgste, gjer det fast. 6Herren skal telja soleis, når folki vert uppskrivne: «Denne er fødd der.» Sela. 7Og dei som syng og dei som dansar, skal segja: «Alle mine kjeldor er i deg.»