1Ei bøn av David. Herre, bøyg ditt øyra, svara meg! for arm og fatig er eg. 2Tak vare på mi sjæl, for eg er gudleg. Frels din tenar, du min Gud, han som lit på deg! 3Ver meg nådig, Herre! For til deg ropar eg heile dagen. 4Gled din tenars sjæl! For til deg, Herre, lyfter eg mi sjæl. 5For du, Herre, er god og viljug til forlating, og rik på miskunn for alle deim som kallar på deg. 6Herre, vend øyra til mi bøn, og merka på mi bønerøyst! 7Den dag eg er i naud, ropar eg på deg, for du svarar meg. 8Ingen er som du millom gudarne, Herre, og ingi verk er som dine. 9Alle heidningar som du hev skapt, skal koma og tilbeda for di åsyn, Herre, og dei skal æra ditt namn. 10For du er stor og gjer undergjerningar, du er Gud og ingen annan. 11Lær meg, Herre, din veg, eg vil ferdast i di sanning; sameina mitt hjarta til å ottast ditt namn! 12Eg vil prisa deg, Herre min Gud, av alt mitt hjarta, og eg vil æra namnet ditt æveleg. 13For di miskunn er stor yver meg, og du hev frelst mi sjæl frå den djupe helheimen. 14Gud, stormodige hev reist seg imot meg, og ein flokk av valdsmenner stend etter livet mitt, og dei hev ikkje deg for auga. 15Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap. 16Vend deg til meg og ver meg nådig, gjev din tenar styrken din, og frels son åt di tenestkvinna! 17Gjer eit teikn med meg til det gode, at dei som hatar meg, må sjå det og skjemmast, av di du, Herre, hev hjelpt meg og trøysta meg.