1Ein song, ein salme av Asaf. 2Gud, teg ikkje! haldt deg ikkje still og roleg, Gud! 3For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet! 4Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot deim som du tek vare på. 5Dei segjer: «Kom, lat oss rydja deim ut, so dei ikkje lenger er eit folk! og Israels namn skal ingen meir koma i hug!» 6For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjeng dei i pakt. 7Edoms tjeld og ismaelitarne, Moab og hagarenarne, 8Gebal og Ammon og Amalek, Filistarland med deim som bur i Tyrus. 9Ogso Assur hev gjenge i lag med deim, han låner sin arm til Lots søner. Sela. 10Gjer med deim som med Midjan! som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk! 11Dei vart øydelagde ved En-Dor, dei vart til møk på marki. 12Far med deim, deira fremste menner, som med Oreb og Ze’eb, og med alle deira hovdingar som med Zebah og Salmunna! 13deim som segjer: «Lat oss hertaka Guds bustader!» 14Min Gud, gjer deim som ein dustkvervel, som agner for vinden! 15Lik ein eld som brenn ein skog, lik ein loge som set eld på fjell, 16soleis forfylgje du deim med din storm og skræme deim med ditt uver! 17Fyll deira andlit med skam, at dei må søkja ditt namn, Herre! 18Lat deim skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunnar! Og lat deim få vita, at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!