1Til songmeisteren, etter «Liljor»; eit vitnemål av Asaf, ein salme. 2Du Israels hyrding, vend øyra til! du som fører Josef som ei hjord, du som tronar yver kerubarne, syn deg herleg! 3Vekk upp ditt velde for Efraim og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp! 4Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste! 5Herre Gud, Allhers drott! Kor lenge du frøser av harm, endå folket ditt bed! 6Du gav deim tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål. 7Du sette oss til eit trættemål for våre grannar, og våre fiendar spottar seg imillom. 8Gud, allhers drott, reis oss upp att og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste! 9Eit vintre flutte du frå Egyptarland, du dreiv heidningar ut og planta det. 10Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet. 11Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds cedrar av greinerne. 12Det strekte sine greiner ut til havet, og sine renningar burt imot elvi. 13Kvi hev du rive ned gardarne ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det? 14Svinet frå skogen gneg på det og dyri på marki beitar i det. 15Gud, allhers drott, vend um att! skoda ned frå himmelen og sjå og vitja ditt vintre! 16og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den son du hev valt deg ut! 17Det er brent med eld, det er avhogge, for trugsl frå ditt andlit gjeng dei til grunnar. 18Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut, 19so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn! Herre Gud, allhers drott, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!