1Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter? 2Kom i hug din lyd som du fekk deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell der du bur. 3Stig upp til dei ævelege øydehus! Alt hev fienden brote sund i heilagdomen. 4Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus, dei hev sett sine merke upp til merke. 5Det såg ut som når ein lyfter øksar og høgg i tettvakse tre. 6Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar. 7Dei hev sett eld på heilagdomen din, reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn. 8Dei hev sagt i sitt hjarta: «Lat oss tyna deim alle i hop!» Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet. 9Våre merke ser me ikkje, det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge. 10Gud, kor lenge skal motstandaren spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg? 11Kvifor dreg du di hand, di høgre hand, attende? Tak henne ut or barmen, og øydelegg! 12Gud er då min konge frå gamall tid, som skaper frelsa midt på jordi. 13Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet. 14Du slo sund hovudi til Livjatan, du gjorde honom til føda for folk i øydemarki. 15Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar. 16Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til, du hev laga ljosi og soli. 17Du hev sett fast alle grensor på jordi, sumar og vinter - du hev laga deim. 18Kom i hug dette: Fiendar hev spotta Herren, og eit dårlegt folk hev vanvyrdt ditt namn. 19Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar! 20Sjå til di pakt! for løyndekrokarne i landet er fulle av valds-bøle. 21Lat ikkje den nedtrykte snu um med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn! 22Statt upp, Gud! før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen! 23Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar som alltid stig upp!