1Til deg, Herre, flyr eg, lat meg aldri verta til skammar! 2Fria meg ut og berga meg ved di rettferd, bøyg ditt øyra til meg og frels meg! 3Ver meg eit berg til å bu på, der eg alltid kann koma! Du hev påbode frelsa for meg, for du er mitt fjell og mi festning. 4Min Gud, berga meg frå handi til den ugudlege, frå hans neve som er urettferdig og gjer valdsverk! 5For du er den eg vonar på, Herre, Herre, den eg set mi lit til alt frå ungdomen. 6På deg hev eg studt meg alt frå morsfanget; du er den som drog meg ut or morslivet, um deg vil eg alltid syngja min lovsong. 7Som eit under hev eg vore for mange; men du er mi sterke borg. 8Min munn er full av ditt lov, av di æra heile dagen. 9Kasta meg ikkje burt i min alderdom, forlat meg ikkje når mi kraft vert til inkjes! 10For mine fiendar hev sagt um meg, og dei som lurar på mi sjæl, legg råder i hop, 11og segjer: «Gud hev forlate honom; forfylg honom og tak honom, for det er ingen som bergar!» 12Gud, ver ikkje langt frå meg! Min Gud, kom meg snart til hjelp! 13Lat deim som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunnar! Lat deim som søkjer mi ulukka, verta klædde i spott og skam! 14Men eg vil alltid venta, og stødt vil eg lova deg meir og meir. 15Min munn skal fortelja um di rettferd, um di frelse all dagen, for eg veit ikkje tal på deim. 16Eg vil koma fram med Herrens, Herrens velduge verk, eg vil forkynna di rettferd, berre di. 17Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar. 18Forlat meg då ikkje heller når eg vert gamall og grå, du Gud, til dess eg fær forkynna um din arm til ei onnor ætt, um di magt til kvar den som skal koma. 19Og di rettferd, Gud, når upp til det høge, du Gud, som hev gjort store ting, kven er som du? 20Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss livande att og draga oss upp att or dypterne i jordi. 21Du vil lata meg veksa og vil venda um og trøysta meg. 22So vil eg prisa deg med harpespel, din truskap, min Gud! Eg vil syngja deg lov med cither, du Israels Heilage. 23Mine lippor skal fegnast når eg syng deg lov, og mi sjæl, som du hev løyst ut. 24Ogso tunga mi skal heile dagen kveda ut di rettferd, for dei hev vorte til skam og spott, dei som søkjer mi ulukka.