1Ein siggajon av David, som han song for Herren på grunn av benjaminiten Kus’ ord. 2Herre, min Gud! Eg flyr til deg; frels meg frå alle mine forfylgjarar og berga meg, 3so han ikkje som ei løva skal riva ut mi sjæl, riva sund, og ingen som bergar! 4Herre, min Gud! Dersom eg hev gjort dette, dersom det er urett i mine hender, 5dersom eg hev gjort vondt imot den som heldt fred med meg, og plundra den som trengde meg utan orsak: 6so lat fienden forfylgja mi sjæl og nå henne og trøda ned mitt liv til jordi og leggja mi æra i moldi! Sela. 7Statt upp, Herre, i din vreide! reis deg upp imot ofsen hjå deim som trengjer meg, og vakna upp til hjelp for meg, du som hev påbode dom! 8Og lat ei samling av folkeslag standa rundt ikring deg, og far upp att yver deim til det høge! 9Herren held dom yver folki. Døm meg, Herre, etter mi rettferd og etter den uskyld som er hjå meg! 10Lat då vondskapen hjå dei ugudlege få ende, og styrk den rettferdige! For du er den som prøver hjarto og nyro, ein rettferdig Gud. 11Min skjold er hjå Gud, han frelser deim som er trugne i hjarta. 12Gud er ein rettferdig domar, og ein Gud som harmast kvar dag. 13So framt ein ikkje vender um, so kvesser han sitt sverd; sin boge hev han spent og gjort ferdig 14og stelt til banevåpn til rettes imot honom; sine piler gjer han brennande. 15Sjå, han skal til å føda misgjerning; han gjeng med ulukka og føder lygn. 16Ei grav hev han grave og hola ut; men han fell i den greft som han gjorde. 17Den ulukka han gjer, kjem att yver hans hovud, og yver hans kvervel fell hans valdsverk ned. Eg vil prisa Herren etter hans rettferd og lovsyngja namnet åt Herren den Høgste.