1Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song. 2Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar honom, flyr for hans åsyn. 3Liksom røyk driv burt, so driv du deim burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunnar for Guds åsyn. 4Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda. 5Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn! 6Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad. 7Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende. 8Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki - Sela - 9då skalv jordi, ja, himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds, åsyn. 10Rikelegt regn let du falla, Gud, du styrkte arven din då han var utmødd. 11Ditt folk sette seg ned i landet; Gud, du var god og reidde det til for armingen. 12Herren gjev sigersong; ein stor skare av kvinnor kjem med gledebod. 13Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, deiler herfang. 14Når de ligg millom felæger, er det som sylvlagde duvevengjer, og vengfjører med grøn gullglima. 15Når den Allmegtige spreider kongar der, er det som det snøar på Salmon. 16Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange kollar er Basans fjell. 17Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid. 18Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen. 19Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneskje, ogso av dei tråssuge, at du kunde bu der, Herre Gud. 20Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, er Gud vår frelsa. Sela. 21Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Herren er det utvegar frå dauden. 22Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på honom som ferdast i si syndeskuld. 23Herren segjer: «Frå Basan tek eg deim att, eg vil taka deim att frå havsens djup, 24so foten din må trakka i blod, tunga åt hundarne dine få sin lut av fiendarne.» 25Dei ser di sigersferd, Gud, sigersferdi der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen. 26Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på trummor. 27Lova Gud i samlingarne, lova Herren, de som er av Israels kjelda! 28Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver deim, hovdingarne av Juda - deira hop, hovdingarne av Sebulon, hovdingarne av Naftali. 29Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss! 30For ditt tempel skuld yver Jerusalem vil kongar føra gåvor til deg. 31Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid. 32Velduge menner skal koma frå Egyptarland, Ætiopia skal skunda seg og retta henderne ut til Gud. 33De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren! Sela. 34Han som fer fram i dei eldegamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldug røyst. 35Gjev Gud magt! Yver Israel er hans høgd, og hans magt i dei høge skyer. Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket magt og styrke. Lova vere Gud!