1Til songmeisteren; ein song, ein salme. Ropa fagnadrop for Gud, all jordi! 2Syng ut hans namns æra, gjev honom æra til hans pris! 3Seg til Gud: «Kor skræmelege dine verk er! For di store magt skuld må dine fiendar gjøla for deg. 4All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn.» Sela. 5Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot menneskjeborni. 6Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i honom. 7Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningarne; dei tråssuge må ikkje upphøgja seg. Sela. 8De folk, lova vår Gud, og lat røysti av hans lovsong verta høyrd! 9han som heldt vår sjæl i live, og ikkje let vår fot vera ustød. 10For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv. 11Du førde oss inn i eit garn, du lagde ei tyngjande byrd på våre lender. 12Du let menneskje fara yver vårt hovud, me kom i eld og vatn - men du førde oss ut til uppkveikjing. 13Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova, 14det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala ut då eg var i naud. 15Brennoffer av feite sauer vil eg ofra til deg med eim av verar, eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela. 16Kom og høyr, so vil eg fortelja, alle de som ottast Gud, kva han hev gjort for mi sjæl. 17Til honom ropa eg med min munn, og lovsong var på tunga mi. 18Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra. 19Men Gud hev høyrt, han lydde på mi bønerøyst. 20Lova vere Gud, som ikkje viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!