1Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David. 2Einast hjå Gud er mi sjæl still, frå honom kjem mi frelsa. 3Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje. 4Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg? 5Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela. 6Einast hjå Gud ver still, mi sjæl, for frå honom kjem mi von. 7Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg. 8Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud. 9Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela. 10Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman. 11Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det! 12Ein gong hev Gud sagt, tvo gonger hev eg høyrt dette, at styrke høyrer Gud til. Og hjå deg, Herre, er miskunn, for du gjev kvar ein etter hans gjerning.