1Til songmeisteren, etter «tyn ikkje»; av David, ein miktam, då han flydde for Saul inn i helleren. 2Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjæl, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd, til dess ulukka gjeng yver. 3Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg. 4Han vil senda frå himmelen og hjelpa meg, når han som vil sluka meg, spottar. Sela. Gud vil senda si miskunn og sin truskap. 5Mi sjæl er millom løvor, eg må liggja millom deim som spruter eld, millom menneskjeborn som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd. 6Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi! 7Dei set garn for mine stig, mi sjæl er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela. 8Mitt hjarta er rolegt, Gud, mitt hjarta er rolegt, eg vil syngja og lovsyngja. 9Vakna, mi æra! Vakna, harpa og cither! Eg vil vekkja morgonroden. 10Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi. 11For di miskunn er stor til himmelen, og din truskap til dei høge skyer. Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!