1Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David. 2Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding! 3Gjev gaum etter meg og svara meg! Eg er uroleg med mine sorgfyllte tankar, og eg må stynja 4for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege. For dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg. 5Mitt hjarta skjelv i meg, og daudens fæle hev falle på meg. 6Otte og skjelving kjem yver meg og rædsla legg seg på meg. 7Og eg segjer: «Å, hadde eg vengjer som duva, då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad. 8Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. Sela. 9Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen.» 10Sluk deim, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen. 11Dag og natt renner dei kringum honom på murarne, ugjerd og møda er midt i honom. 12Tjon er midt i honom, og ikkje vik frå gatorne vald og svik. 13For ikkje min fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for honom. 14Men du er det, du som var min likemann, min ven, min kjenning, - 15me som hadde huglegt samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus med den glade hop. 16Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta. 17Eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg. 18Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so vil han høyra mi røyst. 19Han løyser ut mi sjæl frå strid mot meg og gjev meg fred, for mange er dei mot meg. 20Gud skal høyra og svara deim - han sit frå fordoms tid, sela - deim som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud. 21Han legg hand på folk som held fred med honom, han bryt si pakt. 22Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd. 23Kasta byrdi di på Herren, og han skal halda deg uppe! han skal ikkje i all æva lata den rettferdige verta rikka. Men du, Gud, skal støyta deim ned i den djupe grav; blodgiruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si livetid; men eg set mi lit til deg.