1Ein salme av Asaf. Gud, Gud Herren talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad. 2Frå Sion, fagerleiks kruna, strålar Gud fram. 3Vår Gud kjem og skal ikkje tegja. For hans åsyn gjeng etande eld, og ikring honom stormar det sterkt. 4Han kallar på himmelen ovantil og på jordi til å døma sitt folk. 5«Samla til meg mine trugne, som hev gjort pakt med meg um offer!» 6Og himlarne forkynner hans rettferd; for Gud er den som skal halda dom. Sela. 7«Høyr, mitt folk, eg vil tala; Israel, eg vil vitna imot deg; Gud, din Gud er eg. 8Ikkje for dine offer vil eg lasta deg; dine brennoffer er alltid framfyre meg. 9Eg vil ikkje taka uksar frå ditt hus eller bukkar frå dine grindar. 10For meg høyrer alle dyr i skogen til, fe på fjelli i tusundtal. 11Eg kjenner alle fuglar på fjelli, og det som rører seg på marki, er meg for augo. 12Um eg var hungrig, vilde eg ikkje segja det til deg; for meg høyrer jordriket til med alt det som fyller det. 13Skulde eg eta kjøt av stutar og drikka blod av bukkar? 14Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova, 15og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.» 16Men til den ugudlege segjer Gud: «Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn, 17etter di du hatar tukt og kastar mine ord attum deg? 18Når du ser ein tjuv, er du gjerne med honom, og med horkarar er du i lag. 19Din munn slepper du laus til vondt, og di tunga spinn i hop svik. 20Du sit og talar imot bror din, set ein skamflekk på son til mor di. 21Dette gjorde du, og eg tagde; so tenkte du eg var liksom du sjølv; men eg vil yvertyda deg og leggja det fram for deg. 22Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva burt, og ingen frelser. 23Den som ofrar meg takk, han ærar meg, og den som gjeng den rette veg, honom vil eg lata sjå Guds frelsa!»