1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom. 2Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar. 3Du dreiv ut heidningarne med di hand, men deim planta du; du øydelagde folkeslag, men deim breidde du ut. 4For ikkje med sitt sverd vann dei landet, og deira arm gav deim ikkje siger, men di høgre hand og din arm og ditt andlits ljos; for du hadde hugnad i deim. 5Du, Gud, er min konge; byd at Jakob skal verta frelst! 6Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me treda under føter deim som reiser seg imot oss. 7For min boge lit eg ikkje på, og mitt sverd gjev meg ikkje siger. 8Men du gjev oss siger yver våre fiendar, og deim som hatar oss, gjer du til skammar. 9Av Gud rosar me oss all dagen og lovar ditt namn til æveleg tid. Sela. 10Og endå hev du støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar. 11Du let oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, fær seg herfang. 12Du gjev oss burt som sauer til å eta upp, og spreider oss ikring millom heidningarne. 13Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på deim. 14Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for deim som bur ikring oss. 15Du gjer oss til eit ordtøke millom heidningarne; dei rister på hovudet åt oss millom folki. 16Heile dagen stend mi skam for mine augo, og blygsl breider seg yver mitt andlit, 17ved røysti av spottaren og hædaren, ved syni av fienden og den hemngiruge. 18Alt dette er kome yver oss, endå me ikkje hev gløymt deg og ikkje svike di pakt. 19Vårt hjarta veik ikkje frå deg, og våre stig sveiv ikkje ut av din veg, 20at du skulde slå oss sund der sjakalar bur, og breida oss ned i daudeskugge. 21Hadde me gløymt vår Guds namn og rett våre hender ut til ein framand gud, 22skulde Gud då ikkje ransaka det? for han kjenner hjartans løyndomar. 23Men for di skuld vert me drepne all dagen, me er rekna som slagtesauer. 24Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna då, støyt ikkje burt for alltid! 25Kvi løyner du di åsyn, gløymer vår armodsdom og vår trengsla? 26For vår sjæl er nedbøygd i moldi, vår likam nedtrykt til jordi. Statt upp til hjelp for oss, og løys oss ut for din nåde skuld!