1Til songmeisteren; ein salme av David. 2Sæl er den som ser til ein vesallmann; på den vonde dag skal Herren frelsa honom. 3Herren skal verja honom og halda honom i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva honom til hans mordgiruge fiendar. 4Herren skal stydja han på sotteseng, og vender all hans lega i hans sjukdom. 5Eg segjer: «Herre, ver meg nådig; læk mi sjæl, for eg hev synda mot deg!» 6Mine fiendar talar vondt um meg: «Når skal han døy, og hans namn forgangast?» 7Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, so gjeng han ut og talar um det. 8Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som gjer meg vondt: 9«Ei illgjerning heng ved honom, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.» 10Ja, endå den som eg livde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg. 11Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva deim vederlag. 12På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg. 13Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Amen, amen!