1Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David. 2Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn! 3De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela. 4Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom. 5Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! Sela. 6Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren! 7Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre! 8Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg. I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.