1Til songmeisteren, til Jedutun; ein salme av David. 2Eg sagde: «Eg vil vakta mine vegar, so eg ikkje syndar med mi tunga; eg vil leggja taum på min munn, so lenge den ugudlege er meg for augo.» 3Eg tagna og var kurende still; eg tagde utan von um lukka, men mi liding vart rørd upp. 4Mitt hjarta brann i min barm; ved mi grunding kveiktest eld - eg tala med mi tunga. 5Herre, lat meg få vita min ende og målet på mine dagar, kva det er; lat meg vita kor snargjengd eg er! 6Sjå, som ei lovebreidd hev du sett mine dagar, og mi livstid er som ingen ting for deg; berre som den tome fåfengd er kvart menneskje sett her. Sela. 7Berre som ein skugge gjeng mannen ikring, berre til fåfengs ståkar dei; han dungar i hop og veit ikkje kven som skal sanka det inn. 8Og no, kva vonar eg, Herre? Mi von stend til deg. 9Frels meg frå alle mine misgjerningar, set meg ikkje til spott for dåren! 10Eg er tagna og let ikkje upp min munn; for du hev gjort det. 11Tak di plåga burt frå meg! Ved slag av di hand er det ute med meg. 12Tuktar du ein mann med refsing for skuld, so fortærer du hans fagerleik som motten. Berre fåfengd er kvart menneskje. Sela. 13Høyr mi bøn, Herre, og vend øyra til mitt rop; teg ikkje til min gråt! for eg er framand hjå deg, ein gjest som alle mine feder. Sjå burt frå meg, so eg kann kvikna til, fyrr eg fer herifrå og er ikkje meir!