1Til songmeisteren; av Herrens tenar David. 2Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, kjenner eg i mitt inste hjarta. Ingen ræddhug for Gud er det for hans augo. 3For ein høler honom i augo ved å finna hans synd, ved å hata honom. 4Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt. 5Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde. 6Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer. 7Di rettferd er som Guds fjellhøgder, dine domar er ei stort havdjup; menneskje og dyr frelser du, Herre! 8Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer. 9Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du deim å drikka. 10For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos. 11Lat di miskunn vara lenge for deim som kjenner deg, og di rettferd for dei trurøkne i hjarta! 12Lat ikkje ovmods fot koma yver meg, og hand av ugudlege ikkje jaga meg burt! Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje standa upp.