1Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt. 2Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn. 3Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg. 4Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn! 5Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor. 6Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast. 7Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor. 8Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut. 9Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom. 10Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom. 11Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt. 12Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren. 13Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka? 14Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale! 15Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom! 16Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop. 17Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi. 18Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor. 19Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd. 20Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle. 21Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote. 22Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka. Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.